
Få det beste ut av deg sjølv og flokken din!
Evoka kombinerer leiar- og teamutvikling med natur.
Vår visjon er å vekkja til live det potensialet som allereie finnes. Dette vil me gjere ved å skapa trygge rom og tydelege rammer for dialog, utforsking, samskaping og læring, der løysingane får kome fram gjennom gode prosessar.

Kvifor velja oss?
I ryggsekken
Eit styrkebasert perspektiv og positiv psykologi er gjennomgåande i alt me gjer. Denne krafta brukar me for å skapa bevegelse og frigjera potensialet.
Natur
Me brukar naturen som ein aktiv læringsarena. Dette forsterkar samhandling, refleksjon, djupare fokus, nærvær og kreativitet.
Laget
Sápmi møter Vestlandet. Me er eit lag med komplementære eigenskapar som deler ein felles lidenskap for naturen, utvikling og gode relasjonar.
Kven er me?
Me har ein sterk motivasjon og ynskje om å skapa bevegelse i både folk, team og organisasjonar. På den måten kan me også vere med å skapa endring i samfunnet me er ein del av.
Gjennom fagleg og personleg erfaring veit me at balanse, læring og skaparglede er viktige faktorar for å skapa bevegelse. Naturen er for oss ein viktig medspelar, og ein arena som inviterer til nærvær, refleksjon, innsikt og dei gode samtalane.
Som menneskje er me nysgjerrige, relasjonsorienterte og opptekne av verdien i fellesskapet. Me trur på styrken av mangfald i flokken, og at alle har noko verdifullt å bidra med om dei vert invitert inn.
Vår styrke er å stilla dei gode spørsmåla som gjer at du kan sjå moglegheiter og finna løysingane.

Trond
